Gnr. 5
Fløksand
Frå ”Mellom bakkar og berg”- Gard og ætt i Meland, 2004
Av Geir Kleiveland og Beate
Homlong
Gjengitt med tillatelse frå
utgjevar: Meland Kommune, ved Arnt Svein Brakstad
Fløksand
ligg søraust for Leirvik mot sjøen.Grensa mot Leirvik går frå Leiro over
Porsmyra mot Grønåsen. Derifrå går grensa nordleg aust for Steinberget og til
Rylandsvatnet, der Ryland er grensegard. Frå vika nord for Eidet går grenselina
mot Ytre Brakstad søraustleg mot Fløksandselva, som er grense i aust mot Ytre
Brakstad og Hjertås. Beste jorda finn ein ned mot Leiro, medan t.d.
Fløksandmarka i søraustre luten av garden er eit myrete og småkupert område.
I tillegg til
hovudområdet eig Fløksand også Oneset, som stikk ut i Storavatnet. Grensa går i
nord frå Skralevika over Dyrhaugen og mot bergpartiet Stien i nordaustre vika
av Bjørndalsvatnet. Området grensar mot Bjørndal i aust, og er for det meste
haugar og kollar tilvaksne med fureskog.
Gardsnamn og busetnad
Fyrste gongen me
støyter på gardsnamnet Fløksand, er i Bergens kalvskinn frå ea. 1350. Då
får me høyra om ein Suenn á Fløkesande.
I 1427 finn me Fløkesandir og alt i
1490 Fløksand. Seinare var namnet
helst skrive Fløgsand og Fløisand/Fløysand.
Fyrstelekken er ei
avleidd form av det gamalnorske flak,
som tyder vid flate. Det høver godt på området som høyrer til Fløksand.
Sistelekken er beinfram sand, og siktar til jordsmonnet, som for ein stor del
er marine avsetjingar.
Gravfunn frå
Fløksand fortel oss at dette utan tvil er ein gamal gard. I Brennemyra vart det
under grøfting funne ein flintdolk. Slike dolkar meiner arkeologane kom til
Vestlandet i slutten av steinalderen, kring 2300 f. Kr. Truleg vart dei lagde i
graver som offer for å blidgjera makter som styrde liv og død.
I 1861 kom det for
dagen ei røys i toppen av Brennhaugen, der bnr. 11 no ligg. Det viste seg å
vera ei branngrav frå eldre jernalder (0-550 e.Kr.) I eit lite gravkammer av
stein var det sett ned ei velforma leirkrukke som inneheldt ma. brende restar
av kjøtknivar, bjørneklo, beinkam og beinnål. På eine kjøtkniven var det rissa
inn desse runeteikna: LinalaukarRa.
Dette har forskarane løyst opp i tre ord, der fyrste ordet er lina med tydinga lin, andre ordet er laukaR som tyder lauk, medan tredje ordet er a,
som mest truleg er fyrste bokstaven i det magiske ordet alu. Det er kjent frå mange innskrifter, og me finn det seinare att
som øl. Arkeologer har tidfesta dette
funnet til 300-talet. I fyrste bandet av Strilesoga vert det vist til ei soge i
Flateyarbók om ein hestefallos brukt som kultgjenstand i ein huslyd i
Nord-Noreg på Olav den heilage si tid. For å hindra at fallosen rotna, vart han
lagd i lauk og ombunden med lin. Øl veit me frå andre samanhengar
spelte ei viktig rolle i heiden kult. Innskrifta på kniven frå Fløksand siktar
difor truleg til ein kult knytt til avl og grøderikdom.
Alt dette tyder på
at
Eigartilhøve
Folketal og bruksdeling
Ut frå
opplysningane i 1660-åra kan det ha budd kring 30 menneske på Fløksand, men
utover på 1700-talet og fram til 1801 var folketalet truleg berre vel 20. I
1835 budde det 32 menneske på garden, men utetter på 1800-talet vart det stadig
fleire menneske her. Talet var 54 i 1900. Frå 1920-åra skjedde det ein del
bustadbygging på garden, slik at i 1960 hadde 64 personar bustad på Fløksand.
Men sidan har folketalet auka kraftig, til 124 i 2002. Det er særleg auka
bustadbygging dei par siste tiåra som er grunnen til at her bur så mange fleire
folk enn tidlegare.
I 1590 er det nemnt
berre ein brukar på Fløksand. Men alt i 1603 finn me tre brukarar på garden.
Frå 1617 sat det fire brukarar her, og ein gong mellom 1668 og 1691 kom eit
femte bruk til. Kring 1768 vart to av bruka slegne saman slik at det på nytt
var fire bruk her. I 1858 vart eit femte bruk, bnr. 2, skilt ut, i 1883 og i
1888 kom endå to bruk til, og oi 1907 endå eitt. Ved inngangen til 1900-talet
var det såleis åtte bruk på på Fløksand.
Næringane på garden
Dyrehaldet
Kvegskatten i 1657
fortel at buskapene på Fløksand var 4 hestar, 22 kyr og 27 sauer, i tillegg 5
ungbeist og 8 geiter. Dette tilsvarer vel 40 kyrlag. I 1723 var det 3 hestar på
garden, 25 kyr og 36 sauer, men no var det i tillegg 21 ungdyr, slik at det
samla dyrehaldet kan setjast til 47,5 kyrlag. Etter oppgåvene gjekk dyrehaldet
på Fløksand noko ned i fyrste delen av 1800-talet. Men fram mot 1875 skjedde
det ein kraftig auke i dyrehaldet. Samla buskap på garden då var 1 hest, 33 kyr
og 51 sauer, i tillegg til 4 ungbeist, tilsvarande vel 46 kyrlag. I neste
teljing me har oversikt over, frå 1939, var buskapen på Fløksand 7 hestar, 28
kyr og 55 sauer. I tillegg hadde brukarane til saman 18 ungbeist. Dette
tilsvarte vel 68 kyrlag. Endringane frå 1875 var ikkje store. Mest
iaugefallande er det at hest vart vanleg, og det var langt fleire ungbeist.
Dyretalet i 1859 var på 23 kyr, 31 sauer og 13 ungbeist, medan fire bruk hadde
hest. På dei 20 åra frå 1939 ser me at brukarane heldt seg med litt færre dyr
av alle slag. Kyrlaget var no 47,5. Endringane siste tiåra er derimot store. I
2002 var samla buskapar på Fløksand 8 kyr og 2 storfe, eller 23 kyrlag. I dag
er det berre bnr.3 som har tradisjonell drift.
Åkerbruket
I matrikkelen frå
1665 får me opplyst at Fløksand avla 32 ½ tunner med korn. Avlingane låg på det
nivået også i 1723, men fram til 1802 auka kornavlingane til 40 tunner. I 1845
dyrka dei berre 32 tunner, men frå 1860-åra auka korndyrkinga, og var i 1875 på
46 tunner. Til andre verdskrigen var slutt, heldt kornavlingane seg mest på
dette nivået. I 1939 kan kornavlingane på Fløksandsetjast til kring 42 tunner,
men straks etter krigen var det slutt med korn.
Graden av
sjølvberging auka frå ¾ tunne korn pr. person i 1665 til 1½ tunne i 1802, medan
avlingane rakk til vel 1 tunne på kvar person i 1875. Men i det gamle
bondesamfunnet rekna dei 2 tunner korn som normalt årsforbruk for eit menneske.
Dei måtte altså kjøpa om lag helvta av det kornet dei trong.
Fløksand
hadde to kvernhus nedom stemma i Fløksandselva, og fire bruk var saman om kvart
kvernhus. Eitt av Fløksand-bruka var saman med eitt bruk på Indre Brakstad, og
dette kvernhuset stod på nedsida av brua i grensa mot Brakstad. Dei fleste
brukarane slutta å mala sitt eige korn i 1930-åra. Korndyrkinga var då
minkande, og det var enklare å senda det kornet ein hadde til andre kverner,
m.a. mol dei korn på Gripa-kverna. Berre bnr. 12 heldt ved lag eiga kornmaling,
men i 1946 var det slutt også her.
Potetavlen
i 1835 var 30 runner, og den auka svært mykje fram til 1875då dei hausta 108
tunner poteter. Som med korndyrkinga var det frå 1860-åra også potetavlingane skaut
fart. Utetter på 1900-talet satsa brukarane mykje på potetdyrking, og avlingane
i 1939 kan setjast til ea. 268 tunner og i 1959 til ea. 257 tunner.
Potetavlingane
tilsvarte ¾ tunne pr. person i 1835, men i 1875 gav avlingane 2 ½ tunner på
kvar, det same som ein rekna med ein person trong. Med poteter var dei såleis
tidleg sjølvberga på Fløksand. Reknar me avlingane på same måten i 1959, avla
folket her vesentleg meir enn dei trong, så på den tida var poteta eein viktig
salsartikkel frå garden.
Som
for dei andre gardane som ligg til sjøen, kunne Fløksand-folket spe på med
heimefiske. Det gav eit nødvendig tilskot i matvegen når avlingane vart i
knappaste laget. Fleire av brukarane byrja alt i 1 930-åra å dyrka ein del
bringebæer og noko jordbær, i tillegg også ein del andre hagebær. For enkelte
var bærsalet ei viktig attåtinntekt til den vanlege gardsdrifta.
Tvangslevering av poteter
Under
krigen vart bøndene pålagde å levera poteter. Mathias Fløysand har fortalt
korleis leveringa gjekk føre seg. Potetene skulle leverast på den kaien som låg
nærast til, og for gardane Brakstad og Fløksand var det kaien på Fløksand.
Bøndene fekk oppgjeve ein bestemt dag då potetene matte vera på kaien, slik at ei
skøyte kunne henta sekkane. Mange hestelass med poteter vart køyrde til
Fløksand, og potetsekkane vart stapla i bryggehuset sorn til slutt var heilt fullt.
Det tok til å mørkna då motorbåten endeleg korn for å henta lasta. Alle
frammøtte hjelpte til å bera sekkane om bord. Etter kvart var det vorte nokså
mørkt, og då. tok nokre til å bera sekkane den andre vegen og gøymde dei ute i
terrenget. Det vart mange vender også den vegen. Til slutt var bryggehuset
tomt, og jordstyreformannen, som skulle kontrollera lastinga, spurde om dei
hadde levert alt. Det svarte alle bekreftande på, og det var godt nok for han.
Mange kunne nyta ”tyskar poteter” utover hausten og vinteren.
Leirgraving
På
Fløksand grov del tidlegare leire. John Kåre Fløysand fortel etter Maria
Fløysand (1882-1979) at ho gjekk med mat til far sin då ho var ein jentunge på
seks-åtte år. Då må dette ha vore i slutten av 1880-åra. Dei grov leire i Søre
Støa, der ein pram låg på tvers av vika. Ut gjennom fjæra hadde dei vandring
for trillebåre slik at dei kunne tippa leira i prammen. Ospestokkane som denne
vandringa låg på, stod til lenge etter krigen. Seinare grov dei ein del leire i
fjæra innanfor badeholmen. Leira rodde dei til Bergen i ein seksæring. Frå
fyrst selde dei henne til bygningsfolk som brukte leire som golvisolasjon, men
seinare selde dei leira til omnsstøyperia.
Ein
gong før Maria var konfirmert, var ho med ei slik leirlast til byen. Turen
starta med at dei rodde båten inn til leirhølen før sjøen var nedfjøra. Dei
lasta båten, og venta til floa løfta han frå botnen. Så rodde dei bort til ein
stad dei hadde kasta opp leire tidlegare, og der ”trimma” dei båten slik at dei
fekk lasta slik ho skulle vera. Etter at båten var lasta, matte dei stå på i
eitt sett til han var lossa i Bergen. Fra lasting til lossing vart såleis ei
lang arbeidsøkt når roturen med ein slik leirbåt tok fire timar. Etter at dei
hadde lossa båten, hugsa Maria at far hennar kunne gå og henta oppgjerdet, fire
kroner for alt arbeidet.
Dei
grov leire på Fløksand like fram til kring 1950. Men i nyare tid fyllte dei
leira i fat som dei sende med rutebåten. Då gjekk all leira til omsstøyperia.
For fleire generasjonar av brukarar på Fløksand var såleis leirgraving ei
viktig attåtnæring.
Leirhaldig
jord kan vera skummel, fordi ho kan verta flytande. Ein gong, truleg i fyrste delen
av 1800-talet, losna eit leirras frå fjellet nordom huset på bnr. 2, der det då
var utmark. Raset reiv med seg tre og jord og sopte det forbi badeholmen i Fløksand-fjæra.
Landskapet vart heilt forandra.
I
nyare tid vart det bonitert på noko av området med leirbotn, og då fann dei at
leira var 30 meter djup. Fin av brukarane opplevde då han skulle utpå eit
markstykke med traktor at han var komen ut på flytande leire. Plutseleg gjekk
det hol i bakken like fram for traktoren, og leir- og vasspruten stod til vêrs.
Eldsnautt sio han traktoren i revers og berga seg inn på fast grunn.
Oneset høyrer til
Oneset
er eit stort utmarksstykke som ligg nord for Bjørndalsvatnet og stikk ut i
Storavatnet like til Skralevika under Gripakietten. Avstanden til kjerneområdet
på Fløksand er eit par kilometer, men likevel høyrer Oneset til Fløksand.
Alt
tyder på at Oneset i seinmellomalderen var ein eigen gard, noko jordebøkene til
Munkeliv-klosteret gjev oss opplysningar om. I 1427 finn me to namn som peikar
mot Oneset. Eminisnæss j Halssøn i Hausmunne
svarte 3 laupar i landskyld. Onanæss j
Halssøn a Slættone finn me i same jordeboka, og han svarte 4 laupar i
skyld. I lista over gardar på Holsnøy i 1463 står Onænnesnæss (Onæim-?) etter Hestdal og Myrtveit, og i jordeboka fra
ca. 1490 finn me Oneimsnes mellom Øffretwn
(på Ryland) og Fløksand. Skylda var då oppgjeven til 2 laupar.
Det
var ikkje så mange Munkeliv-gardar i Meland, så dei er lette å halda oversikt
over. Og den garden som er omtala i jordebøkene, kan ikkje vera andre enn
Oneser. Den oppgjevne skylda på 3 (4) laupar (1427) og 2 laupar (1490) må vera
den gamle skylda frå seinmellomalderen. Det er uvisst kva namnet kjem av, men eit
ord one kan vera kjernen i
fyrstelekken. Det tyder eit avgrensa stykke land, teig eller skogstykke.
Etter
1490 ser me ikkje Oneset att i kjeldene som eigen gard. Garden er visseleg lagd
øyde etter svartedauden, og var neppe i drift på 1400-talet, sjølv om han er
nernnd som del av jordegodset under Munkeliv. På Fløksand var det kring 1520 to
brukarar. Bjørndal, som ligg nærast til å gjera krav på Oneset, er fyrste
gongen nemnd i kjeldene i 1563. Det må vera i ein situasjon der Oneset låg øyde
at dei to gardane med same eigar vart slegne saman. I 1665 er Fløksand nemnd
med ”Ødegaarden” og det må sikta til Oneset.
Øydegarden i Oneset
I
si tid budde det husmannsfolk i Oneset. Tidlegare var det oppgangssag på
Skjevlo, mellom Bjørndalsvatnet og Rylandsvatnet. Ein gong var Onespjokken, som
husmannen vart kalla, med på saging der. Kona rodde mat over vatnet til han.
Men ein gong, rett før landing, gjekk båten under. Onespjokken tok ei lekte og
karda til seg grautspannet, medan dei andre måtte ta seg av kona.
Familien
i Oneset skal ha vorte skremt vekk frå plasset av Ingebrikt Helgesson (gamle
Ingebrikt) i Bjørndal. Han ville ha staden til geitesti, og for å skremma vekk
familien skal han ha klatra opp på hustaket og skote ned gjennom skorsteinen.
Husmannen flytta då til eit plass under Fosse som vart kalla Morgensol. Namnet
”Onesbøen” skal vera leivning frå den tid det budde folk i Oneset. Dette
markstykket låg ned mot vatnet, medan hustuftene låg lenger oppe under åsen.
Strid om Oneset
Det
har tydelegvis ikkje verka heilt logisk at Oneset skulle høyra til Fløksand,
langt frå heimegarden og med andre gardar mellom. I 1796 stemna eigaren av
Bjørndal, soknepresr Michelet i Manger, Fløksand-bøndene for retten fordi
bonden i Bjørndal ”skal være bleven fornæermet af Floeksands Opsiddere i Henseende
den saakaldte Onæs Skov”. Eigaren av Bjørndal meinte såleis at folket frå
Fløksand tok seg til rettes i Oneset. Partane samdest om at lensmennene frå
Herdla og Radøy med kvar sine to lagrettemenn skulle setja merke for den delen
av Oneset som oppsitjarane på Fløksand ville avstå til Bjørndal.
Ved
utskiftinga sa Fløksand-mennene at Oneset hadde høyrt til Fløksand frå ”arilds
tid”. Dei ville gå med på at Bjørndal fekk ein del, sjølv om det ikkje kunne
provast at dei hadde rett til det. Men i lang tid hadde Bjorndal brukt delar av
Oneset til beite og hogge ein del tømmer der. Dette hadde Fløksand-mennene påalt,
men dei hadde late vera å trekkja Bjørndals-folket for retten fordi dei ville
halda på godt naboskap. Og Bjørndal-mennene hadde ikkje gjort meir bruk av
Onesskogen enn tidlegare brukarar.
Dei
gjekk så i gang med å vurdera kva del av Onesskogen som skulle leggjast til
Bjørndal. Dei vart fyrst samde om at dei skulle ikkje setja ned merkesteinar,
fordi ”der ikke var andet blant Klipperne end Mose og Dynd”. I staden skulle dei
berre bruka krossar i fast berg. Grensa vart så sett frå eit berg kalla Stien i
nordre enden av Bjørndalsvatnet, over Bjørndalsberget til Skralevika. Aust for
denne lina låg Bjørndal si mark. Bjørndal kunne framleis la beista sine beita i
Oneset mot ei rimeleg betaling til oppsitjarane på Fløksand: to skilling for
kvart dyr eller seksten skilling for året.
I
1873 vart det halde ny grensegang, fordi ein del av grensernerka frå 1796 ikkje
lenger kunne påvisast. Grensa vart på ny fastlagd. Beiteretten sorn Bjørndal fekk
i 1796, vart halden ved lag, berre med den skilnad at dei skulle betala 12
skilling i årleg leige for sauer og geiter, i tillegg til dei 16 skilling dei betalte
for storfeet.
I
slutten av 1970-åra heldt brukarane på Fløksand utskifting i Oneset. Samstundes
bygde dei felles skogsvegar og velteplassar, slik at det vart mogleg å ta ut
skog frå området. Til saman vart det bygt ca. 2,5 km med fellesvegar.
Ulukker i Rylandsvatnet
Ola
J. Fløksand var ein dag tidleg i desember 1878 på vedhogst i Oneset. Brått
høyrde han skrik om hjelp, og sprang etter lyden. Då fann han den ti år gamle
naboguten, Arne Brynjelsson, som hiksta fram at to gutar hadde gått gjennorn
isen og var att nedi holet.
Ola
hoppa uti og fekk begge gutane opp. Men det var for seint. Begge var drukna. Dei
to var ein bror hans, Mons 14 år, og ein bror til Arne, Karl på 12 år.
Kring
1910 var to elevar på husmorskulen på Fløksand og vaska klede i Rylandsvatnet.
Etterpå bada dei, men gjekk seg fast i mudderet ved Eidet. Begge drukna.
Alt
i mellomkrigstida, men særleg i den fyrste etterkrigstida, vart Fløksand ein
sentral stad for dei kringliggjande gardane. Etter kvart kom det fleire
tenestetilbod som bygdefolk trong og vart avhengige av.
Johannes
Jensen var den fyrste som dreiv landhandel på Fløksand, men han flytta til
Bergen. I 1934 overtok Olaf Nedreås butikkdrifta. Saman med kona Ruth hadde han
også telefonstasjon og var ansvarleg for postutdelinga. Butikken deira ved
kaien på Fløksand var eit viktig knutepunkt for fleire bygder på den tida. Olaf
var ein av dei fyrste som hadde bil på Holsnøy. Like før krigen kjøpte han ein
eldre bil, som han seinare dreiv drosjekøyring med. Butikken dreiv dei til
kring 1960, dit han vart leigd vekk. Kring 1970 van butikkdrifta på Fløksand
lagd ned for godt.
På
Fløksand vart det oppretta postteneste i 1899, då eit brevhus kom i drift.
Brevhuset vart omgjort til vanleg postopneri i 1909, med Mathias L. Fløysand
som styrar frå starten og til Jonas Fløysand overtok i 1916. Sonen hans, Rasmus
Fløysand, var postopnar frå 1937, og i familien minnest dei godt at når dampen
fløytte på Holmeknappen, hivde han på seg treskorne og sprang av garde for å ta
imot posten. Då Rasmus døydde i 1944, overtok Olaf Nedreås som poststyrar, og
han hadde posten til han vart lagd ned i 1963.
Fløksand
fekk tidleg dampskipsstopp og vart ein samlestad for næraste bygdene. I 1952
vart det bygt ny kai, men i fyrstninga av sekstiara var det slutt på rutebåten.
Vegane hadde nådd fram til dei fleste bygdelaga, og bilen overtok den trafikken
som båtane hadde hatt.
Alt
tidleg på 1900-talet kom dei fyrste maskinene som letta ulike arbeidsoperasjonar
i gardsdrifta. Fyrste treskjemaskina åtte Fløksand saman med bruk på Brakstad.
Bnr. 10 hadde treskjemaskin saman med tre andre bruk på Fløksand, og denne
maskina vart kjøpt kring 1908. Drøftemaskin hadde bruka på Fløksand felles, og
ho vart kjøpt ei tid etterpå. Bnr. 5 og 10 var dei fyrste som kjøpte hesteslåmaskin,
truleg før 1916. I 20-åra skaffa også dei andre bruka seg slåmaskin.
Også
på Fløksand skjedde dei største endringane i gardsdrifta etter krigen. Nye
driftsformer trengde vekk den tradisjonelle gardsdrifta. Fyrst og fremst kjem
det til syne ved at den ekstensive drifta som utnytta heile garden, vart
erstatta av ei meir intensiv drift. Og der naturalhushaldet, mat til eige bord,
hadde vore berebjelken tidlegare, skjedde no ei omlegging til salsjordbruk.
Like
etter krigen slutta dei fleste å dyrka korn, men tre av brukarane på Fløksand
dyrka korn til fram på 50-talet. Utmarksslåtten og lyngskjeringa tok slutt, og
då garden fekk elektrisitet i 1951, var det nokre år seinare også slutt på
torvskjeringa.
I
mellomkrigstida byrja fleire av brukarane på Fløksand å dyrka bær, fyrst og
fremst bringebær og grønsaker. Dei reiste fast på Torget i Bergen i sesongen og
selde varene sine. Dette salet skaffa kjærkomne attåtinntekter, og etter krigen
betydde dette mykje for dei fleste brukarane. 50-åra var glanstida for bær- og
grønsakdyrkinga på garden, men alt tidleg på 60-talet trappa fleire ned denne
produksjonen. Og kring 1980 var også dette historie.
Men
det er sjølvsagt mekaniseringa som set sitt preg på gardsdrifta etter krigen.
Fleire av bruka installerte mjølkemaskiner sist på 1950-talet. På same tid kom
også dei fyrste motorslåmaskinene. Arne Haugsvær på bnr. 3 kjøpte fyrste
traktoren i 1956, og samstundes investerte han også i gravemaskin, den fyrste på
Holsnøy. Han var mykje på leigegraving, og grov mange grøfter og husgrunnar med
denne maskina. Haugsvær var også den fyrste som skaffa seg fôrhaustar på Fløksand,
i 1971. Etter kvart vart dette vanlege maskiner med tilhøyrande urstyr som
skuffe, svans, harver m.m.
Ogsa
dyrehaldet endra karakter i etterkrigstida. Alt i 1952 vart drifta på bnr. 5
avvikla. I
1955
slutta bnr. 2 og 5 med sau, og 10 år seinare var sauen borte fra garden. Men
bnr. 10 tok til att med sau i 1980. Etter kvart som traktoren fekk innpass,
vart hestane sende til slaktehuset. Frå midten av 60-talet slutta fleire av
brukarane også med mjølkeproduksjon. Anna arbeid utanom bruket vart vanleg, og
fleire dreiv bruket med ungbeist ein del år. Siste tiåret er det berre bnr. 3
som har vore i full drift.
På